Evaluering av Husbankens kommunesatsing

Forfattar:
A. B. Grønningsæter, L.-E. Becken, V. Bakkeli, S. Klingenberg og A. H. Strand
Publisert av:
Fafo-rapport 2014:51
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Kommunal- og moderinseringsdepartementet
Oppdragsutførar:
Fafo og Proba samfunnsanalyse

Kort om publikasjonen

I 2009 starta Husbanken ei målretta prioritering av samarbeid med kommunane med dei største bustadsosiale utfordringane. Rapporten summerer opp funn frå evalueringar av denne satsinga.

Det blir stilt tre hovudspørsmål:

  • Kva har vore metoden på Husbanken si kommunesatsing?
  • Kva er resultata?
  • Korleis vurderer ein satsinga når det gjeld addisjonalitet og beredyktigheit?

Evalueringa bygger på ei rekke kjelder: dokumentstudiar, kvalitative informantintervju, analysar av tilgjengelege data, casestudiar i to kommunar og spørjeskjemaundersøkingar til representantar for aktuelle kommunar.

Oversikt over hovudfunn

  • Dei direkte konsekvensane for sluttbrukarane er vanskelege å måle.
  • Om satsinga har auka busettinga av vanskelegstilte, blei ikkje påvist, men heller ikkje avkrefta.
  • Dei som jobbar med satsinga – program- eller prosjektleiarar – i kommunane, synest at arbeidet var vellykka.
  • Det er ein samanheng mellom kor lenge kommunen har vore i programmet, og kor vellykka satsinga er oppfatta å vere.
  • Husbanken si kommunesatsing har bidratt til å sette bustadsosiale perspektiv og arbeidsmåtar på dagsordenen i satsingskommunane.

Lenke til meir informasjon

Sjå hele PDF-rapporten «Evaluering av Husbankens kommunesatsing».