Etterkommere av innvandrere

 – bolig og bostedsmønstre

Forfattar:
S. Søholt, og K. Astrup
Publisert av:
NIBR
Utgivingsår:
2009
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Undersøkinga handlar om buforhold og bumønster blant etterkommarar, det vil seie kor og korleis etterkommarar av innvandrarar bur. Seks grupper av etterkommarar med minoritetsbakgrunn (pakistansk, indisk, tyrkisk, marokkansk, vietnamesisk og chilensk bakgrunn) er samanlikna seg imellom og med svenskar og danskar. Etterkommarar i undersøkinga var mellom 18 og 40 år i 2005. Undersøkinga er basert på kopling av individdata i forskjellige register.

Oversikt over hovudfunn

  • Majoriteten av etterkommarane følger foreldregenerasjonen sitt bustadmønster. Dei bur trongt, ventar med å flytte heimanfrå, og når dei flyttar ut, blir dei buande i nærleiken av foreldra.
  • Halvparten bur med foreldre.
  • Eigardelen varierer mellom 7 og 22 prosent, men aukar ettersom dei flyttar heimanfrå, giftar seg og aukar inntekta.
  • Sannsynet for å eige bustad aukar når etterkommaren er kvinne. Det gjeld både for ugifte og gifte.

Lenke til meir informasjon

Last ned NIBR-rapporten Etterkommere av innvandrere