Et felles ansvar

forside

Gode arbeidsprosesser i bo- og tjenestetilbudet til personer med rus- og psykiske lidelser (ROP)

Forfattar:
Thomas Hugaas Molden og Melina Røe
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Husbanken

Kort om publikasjonen

Studien har sett nærare på arbeidsprosessar, rutinar og praksis i tre kommunar. Målet har vore å finne fram til gode grep i arbeidet og som fremmer samarbeid om dei bustadsosiale oppgåvene for personar med ROP-liding.

Oversikt over hovudfunn

Gode grep:

  • Ei heilskapleg tilnærming til arbeidet. Felles verdiar, gode relasjonar, tillit og fleksible tenester står sentralt.
  • Leggje til rette for eit meir formalisert samarbeid på tvers av einingar og fagmiljø, som til dømes:
  • Ein koordinert instans med ansvar for utforming av det bustadsosiale arbeidet kan vere eit grep til å få meir rutinar og prosedyrar.
  • Felles vedtaksfesting av bustad og tenester; å gje eit samla vedtak gjev betre samordning. Vedtak med moglegheit for raske justeringar og tilpassingar gjev auka fleksibilitet i tenesteytinga.
  • Involvering frå brukar i utforminga av tenestene. Dette krev gode relasjonar og tillit mellom brukar og tenesteytar.
  • Erfaringskonsulentar styrkar brukarperspektivet og medverknad frå brukar.
  • Housing first og recoverybaserte tilnærmingar blir framheva av kommunane som viktige for å få brukarinvolvering. 
  • God samordning og tett samarbeid i arbeidsprosessar rundt personar med rus- og psykiske lidingar (ROP) er ein føresetnad for å gje eit heilskapleg og godt bu- og tenestetilbod.
  • For at kommunen skal ha eit godt bustad- og tenestetilbod til personar med ROP-liding, må kommunen ha eit godt og relevant tilbod av både bustader og tenester.
  • Det er viktig at kommunen har engasjement og vilje til å skape ytterlegare forbetringar, søkje ny kunnskap og ha utviklingsprosjekt, delta på relevante arenaer med andre aktørar og nettverk for å hente inspirasjon.
  • Studien stadfestar kor viktig suksessfaktorane er for eit godt bustadsosialt arbeid, jamfør strategien Bolig for velferd, side 25.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten.