En verdig bosituasjon innen psykisk helsearbeid

Om boliger, tjenester og kapasitet innenfor kommunenes arbeid for personer med psykiske vansker

Forfattar:
A. Holm
Publisert av:
NIBR-rapport 2012:2
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Extrastiftelsen, Helse og rehabilitering, med Mental helse som søkerorganisasjon.
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Prosjektet har sin bakgrunn i «Opptrappingsplanen for psykisk helse», som gjekk fram til 2008, og som gjer opp status for og drøftar situasjonen i kommunane når det gjeld bustad, tenester, kapasitet og kompetanse to år etter avslutninga av planen. I prosjektet ser ein først på kommunane sine ulike val av buløysingar for personar med psykiske vanskar, deretter på tenesteoppfølginga. Det tredje temaet er kva for utfordringar kommunane møter med omsyn til nødvendig kapasitet og kompetanse i oppfølginga av denne gruppa.

Oversikt over hovudfunn

  • Så langt er erfaringane at svært få har flytta ut av bustadene og inn i eigne sjølvstendige bustader. Behova for bustader aukar i dei fleste av casekommunane sterkare enn veksten i talet på bustader. Det oppstår derfor køar på bustader.
  • Studien avdekker at mange av dei som blir busette med psykiske vanskar, har eit stort behov for oppfølging.
  • Mange tenesteansvarlege opplever likevel store avgrensingar i rammevilkåra for den kommunale oppfølginga versus dei oppfølgingsmoglegheitene ein hadde innanfor ein institusjon.
  • Når det gjeld kompetanse, opplever kommunane mange avgrensingar i si evne til å møte behova frå mange med psykiske vanskar.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten En verdig bosituasjon innen psykisk helsearbeid