Effectiveness of interventions to reduce homelessness

forside rapport

Systematic review

Forfattar:
Munthe-Kaas H, Berg RC, Blaasvær N.
Publisert av:
Folkehelseinstituttet
Utgivingsår:
2016

Kort om publikasjonen

Trass i arbeidet med å forebyggje og redusere talet på bustadlause dei siste 15 åra, har talet i Noreg vore stabilt sidan den første kartlegginga av personar utan fast bustad i 1997. Folkehelseinstituttet utførte ein systematisk studie om effekten av boligprogram og individuell plan (case management) på bustadløyse og bustabilitet blant personar som er, eller er i risiko for å verte, utan fast bustad. Funna er eit resultat av 43 randomiserte kontrollerte studiar. 

Oversikt over hovudfunn

  • Høg-intensitet individuell plan er truleg betre enn vanlege tenester med omsyn til å redusere talet på personar utan fast bustad.
  • Programmet Housing First er truleg betre enn vanlege tenester når det gjeld å redusere bustadløyse, gi betre bustabilitet og auke tidsperioden i stabil bustad.

  • Desse tiltaka er sannsynlegvis betre enn vanlege tenester med hensyn til å redusere bustadløyse og/eller auke bustabilitet: 
  • Critical time intervention (ein modell av individuell plan)
  • Butilbod med krav om rusfridom
  • Butilbod utan krav til rusfridom med høg-intensiv individuell plan
  • Bustøtte
  • Behandling i institusjon med individuell plan
  • Det ser ut til at mange av desse tiltaka har liknande positiv effekt, og det er uklart kva for tiltak av desse som har best effekt med tanke på å redusere bustadløyse og auke bustabilitet.

Rapporten fann at mange ulike bustadprogram og individuell plan ser ut til å redusere bustadløyse og auke bustabilitet, samanlikna med vanlege tenester. Funna viste ingen haldepunkt for at bustadprogram eller individuell plan fører til dårlegare resultat for personar som er, eller er i risiko for å verte, utan fast bustad samanlikna med vanlege tenester.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten. 

Lengre samandrag av publikasjonen

Her kan du lese eit lengre samandrag av rapporten. 

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon