Does Diversity in Urban Space Enhance Intergroup Contact and Tolerance?

Forfattar:
T. Wessel
Publisert av:
Artikkel i Geografiska Annalser, Vol. 91, No.1,5-17, 2009
Utgivingsår:
2009

Kort om publikasjonen

Artikkelen diskuterer kva effekt urbant mangfald har på kontakt og forståing mellom ulike grupper. Artikkelen er hovudsakleg ein teoribasert gjennomgang av tidlegare forsking og teori. Utgangspunktet for artikkelen er at teoriutvikling (contemporary urban theory) har begynt å stille spørsmål ved utjamning av forskjellar som eit universal middel mot urbane utfordringar som segregering, fordommar og fiendskap mellom grupper.

Oversikt over hovudfunn

  • Toleranse er ein funksjon ved mangfald, sjølv om eksplisitt kontakt ikkje oppstår. Det er usikkert i kva grad overflatisk kontakt påverkar toleranse.
  • Forsking på kontakt og toleranse mellom grupper utviklar seg i motsett retning av urban teori. Den førstnemnde gir forsterka tru på møte mellom grupper, den sistnemnde stiller i aukande grad spørsmål ved vilkåra for og verdien av mangfald.
  • Wessel argumenterer for at ei open tilnærming til uformell kontakt, ei diversifisert forståing av mangfald og ei rikare førestilling av urbant rom kan føre kontaktteori og forsking nærmare kompleksiteten i det levde mangfaldet (‘lived diversity’).

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Does Diversity in Urban Space Enhance Intergroup Contact and Tolerance?