- Forfattar:
- A.H. Midtbøen og L. Lidén
- Publisert av:
- ISF-rapport 2015:01
- Utgivingsår:
- 2015
- Oppdragsgivar:
- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
- Oppdragsutførar:
- Institutt for samfunnsforskning
Kort om publikasjonen
Rapporten er ein kunnskapsgjennomgang av eksisterande forsking på utfordringar knytte til likestilling og diskriminering som samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar står overfor i Noreg. Rapporten ser på kva forsking seier – og ikkje seier – om kva for utfordringar samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar møter i arbeidslivet, i skule- og utdanningssystemet, i bustadmarknaden – og i møte med det offentlege tenesteapparatet.
Oversikt over hovudfunn
- Gjennomgangen av forskinga viser at diskriminering av innvandrarar skjer på dei fleste samfunnsområda.
- Kvalitative undersøkingar har vist at samar står i fare for å møte ulike former for strukturell eller indirekte diskriminering i møte med det offentlege tenesteapparatet. Likevel manglar det forsking som systematisk undersøker om samar opplever diskriminering i for eksempel arbeidsmarknaden og bustadmarknaden.
- Forsking på diskriminering av nasjonale minoritetar er nesten fråverande, dette gjeld også forsking på diskriminering på bustadmarknaden.