Desentraliserte asylmottak og bosetting

Forfattar:
S. Søholt og A. Holm
Publisert av:
NIBR-rapport 2010:12
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Utlendingsdirektoratet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Utgangspunktet for rapporten er at behovet for mottaksplassar har ført til at det blir tatt i bruk ulike bygnings- og bustadmessige løysingar for å dekke etterspørselen. Desentraliserte mottak er eit svar på å utnytte fleire måtar for innkvartering. Rapporten belyser korleis desentraliserte asylmottak fungerer for asylsøkarar og for vertskommunane. Han beskriv kva desentraliserte mottak er, omfang og korleis dei fungerer. I tillegg undersøker han om asylsøkarar som bur i denne typen mottak får ein integreringsgevinst ved busetting. Eit sentralt tema er om desentraliserte mottak konkurrerer med kommunen om leigebustader.

Rapporten bygger på fleire datakjelder og metodiske tilnærmingar: internettbaserte survey-undersøkingar til mottak og driftsoperatørar, intervju med regionkontor i UDI og IMDi, og i tillegg intervju med tilsette i mottak, asylsøkarar som bur i mottak og nybusette flyktningar i ni casekommunar med desentraliserte mottak. Rapporten bygger også på analysar av registerdata frå UDI og IMDi og data frå leigemarknadsundersøkinga frå SSB.

Oversikt over hovudfunn

  • Desentraliserte asylmottak har konsekvensar for busetting av flyktningar. Der denne typen mottak fungerer tilfredsstillande for asylsøkarane, bidrar det til at dei som får opphald, ofte ønsker å fortsette å bu i kommunen.
  • Asylsøkarar som blir busette i mottakskommunen, blir likevel svært sjeldan busette i den bustaden dei budde i, i mottaket. Det blir skaffa ny bustad av kommunen, eller dei finn bustad på eiga hand.
  • Det er usikkert kor mykje leigemarknaden blir påverka av desentraliserte asylmottak. I store kommunar og i kommunar med andre store leigetakarar slik som bedrifter og arbeidsinnvandrarar, merkar ein ikkje mottaka. I kommunar i pressområde, i små kommunar med ein mindre leigemarknad og i kommunar som eig ein relativt liten del av dei bustadene kommunen disponerer, kan likevel mottaka spele ei rolle.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Desentraliserte asylmottak og bosetting

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon