Byplangrep og bostedssegregasjon

Forfattar:
T. Kvinge, R. Barlindhaug, C. Lied og M. E. Ruud
Publisert av:
NIBR-rapport 2012:11
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Byrådsavdelingen for finans, Oslo Kommune
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Temaet for rapporten er korleis ulike byutviklingsgrep vil kunne påverke den sosioøkonomiske utviklinga i Oslo. Oslo er i nokon grad kjenneteikna av bustadsegregasjon. Statistikken viser at relativt fleire delbydelar og grunnkretsar i aust og sør enn i vest og nord har opphoping av husstandar med gjennomsnittleg låge inntekter og levekårsutfordringar. Med utgangspunkt i ein gjennomgang av den sosioøkonomiske utviklinga i Oslo og forskingslitteratur om årsaker til bustadsegregasjon og tiltak for å motverke den, drøftar rapporten tre alternative tyngdepunkt for bustadbygging i forbindelse med Kommuneplan 2013 (som har perspektiv fram til 2030) når det gjeld moglege konsekvensar for sosioøkonomisk utvikling i Oslo. Rapporten ser også nærmare på nokre verkemiddel for å motverke bustadsegregasjon og kommunen sitt handlingsrom.

Oversikt over hovudfunn

Kommunen kan gjennom dei plangrepa som blir tatt, påverke den sosioøkonomiske utviklinga i ulike delar av byen gjennom å påverke bustadsamansetnaden, områdekvalitetar og omdømme. Dette kan igjen i praksis bety:

  • Fortette på ein slik måte at ein oppnår ei større utjamning av områdekvalitetar mellom ulike delar av byen
  • Legge vekt på arealplanlegging/utforming av nye boområde som er i tråd med eksisterande kunnskap om kva som er god byforming
  • Gjennomføre områdebaserte urbane intervensjonar for å gjere nabolag attraktive.
  • Passe på at det finst ei viss blanding av ulike typar bustader (når det gjeld størrelse, kvalitet og tilknytingsform) innan alle bydelar.
  • Fordele veksten og dei konsekvensar veksten har for eit tettare bygd miljø utover byen på ein slik måte at det skaper meir likskap i kor store delar av bydelane/delområda må "bere"; dvs. dei områda som har tettast befolkningskonsentrasjon i dag, skal kanskje ikkje vere dei områda som skal ta unna dei største delane av veksten dei neste 20 årene og vice versa.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Byplangrep og bostedssegregasjon

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon