Det hadde vært fint å få være med å velge: Brukerundersøkelse blant flyktninger i bofellesskap.

Forfattar:
V. Paulsen, K. Thorshaug og B. Berg
Publisert av:
Rapport, 2010
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
Oppdragsutførar:
Samfunnsforskning

Kort om publikasjonen

Som eit ledd i tiltak for å redusere ventetida i mottak og sikre ei jamn og hurtig busetting av det store talet på einslege flyktningar, har IMDi, KS og Husbanken lansert bruk av bufellesskap som ei mogleg løysing på bustadproblematikken. Rapporten kartlegg einslege vaksne flyktningar sine erfaringar med å bu i bufellesskap som førstegongs butilbod etter busetting med offentleg hjelp i norske kommunar. Flyktningane sine eigne refleksjonar rundt busetting i bufellesskap blir vektlagde.

Rapporten bygger på intervju med 24 flyktningar i fem kommunar i Nord- Noreg, Midt-Noreg og Vest-Noreg, i tillegg til samtalar med busettingsansvarlege i sju kommunar.

Oversikt over hovudfunn

Det er ofte store utfordringar med bufellesskap som buform. Mange ønsker etter kvart å flytte for seg sjølv. Utfordringane er knytte til overgangen mellom mottak og kommune, behovet for privatliv, konfliktar mellom bebuarane i tillegg til manglande oppfølging.

Paulsen med fleire konkluderer med at bufellesskap som buform ofte ikkje er den beste løysinga, men dersom bufellesskap skal fungere, er det viktig at det er nokre moment som ligger til grunn (utvalde moment):

  • På mottaket:
    • Sikre at bufellesskap tidleg blir lansert som ei mogleg buform
    • God informasjon på mottaka om positive og negative sider ved bufellesskap
  • I kommunen:
    • Kommunen må legge til rette busettingsarbeidet på ein måte som gjer at flyktningane har reell moglegheit for brukarmedverknad. I dette er det viktig at ein sikrar at informasjon blir gitt og forstått.
  • Organisatoriske forhold:
    • Bufellesskap bør vere ei mellombels løysing som er første steget på vegen i flyktningen sin bustadkarriere.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Det hadde vært fint å få være med å velge. Brukerundersøkelse blant flyktninger i bofellesskap.