Boveiledning og veiledning i boligkarriere for flyktninger

Rapporten samanfattar eksisterande erfaringar og kunnskap om korleis kommunane kan rettleie flyktningar i praktiske oppgåver knytt til buforholdet, og gi rettleiing i bustadkarriere. Oppsummeringa har eit særskilt fokus på korleis ein kan gi slik rettleiing som ein del av introduksjonsprogrammet. Det vert også identifisert gode grep som kommunane kan ta i bruk for at flyktningar skal bli sjølvhjelpne på den private eige- eller leigemarknaden.

Med bakgrunn i funn i rapporten, er det utarbeida eit erfaringshefte med gode grep.

Forfattar:
Rambøll
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Oppdragsutførar:
Rambøll

Kort om publikasjonen

Rapporten samanfattar eksisterande erfaringar og kunnskap om korleis kommunane kan rettleie flyktningar i praktiske oppgåver knytt til buforholdet, og gi rettleiing i bustadkarriere. Oppsummeringa har eit særskilt fokus på korleis ein kan gi slik rettleiing som ein del av introduksjonsprogrammet. Det vert også identifisert gode grep som kommunane kan ta i bruk for at flyktningar skal bli sjølvhjelpne på den private eige- eller leigemarknaden.

Med bakgrunn i funn frå hovudrapporten, blir gode grep frå ni kommunar presentert i eit erfaringshefte: Gode grep for boveiledning og veiledning i boligkarriere for flyktninger. Kommunane er valt ut fordi dei har tatt eitt eller fleire grep som har ført til gode resultat både for den enkelte kommune og flyktningane sjølve. Grepa som blir presentert er frå følgjande kommunar: Rana, Lillehammer, Flora, Larvik, Stjørdal, Grimstad, Tynset, Asker og Fauske.

I rapporten og erfaringsheftet nyttar Rambøll omgrepet «boveiledning». Det handlar om rettleiing i praktiske forhold knytt til buforholdet som mellom anna rettleiing i reinhald, kjeldesortering, brannsikkerheit, hygiene, inneklima, husreglar og korleis en forholder seg til naboar. Rettleiing i bustadkarriere handlar om korleis flyktningar kan ta steget vidare etter første busetting, enten ved å leige eller kjøpe bustad på den ordinære bustadmarknaden. Rettleiinga handlar mellom anna om informasjon om husleigekontraktar og Husbanken sine finansieringsordningar.

Rambøll har gjennomført intervju med sentrale myndigheiter og kommunar. Dei har også innhenta dokumentasjon frå eit utval kommunar med skildringar av korleis denne type rettleiingsarbeid føregår i kommunane. I tillegg har dei gjennomført kvalitative intervju i ni kommunar.


Oversikt over hovudfunn

• Eit fleirtal av kommunane i kartlegginga har denne forma for rettleiingsarbeid som ein del av introduksjonsprogrammet og/eller som ein del av førebuande kurs. Det er vanleg at undervisninga vert gjennomført i periodar når dei tilsette som jobbar med norskopplæring og kvalifisering har fri, men det likevel er obligatorisk undervisning for programdeltakarane (F.eks. haustferie, vinterferie, sommarferie).
• Kommunane finn det nyttig å inkludere temaet bustad i introduksjonsprogrammet fordi 1) opplæringa blir obligatorisk for alle, 2) om enn i noko ulik grad, har eit stort fleirtal av flyktningane behov for slik rettleiing, 3) vekene når lærarane har fri får eit meiningsfullt innhald og 4) det tydeleggjer samanhengen mellom sjølvstende på bustadmarknaden og kvalifisering/arbeid.
• Teoretisk undervisning gir berre mekanisk forståing. Praktiske demonstrasjonar gir betre forståing og er dermed viktig.
• Sjølv om mange kommunar jobbar målretta og systematisk med tematikken, er det fleire kommunar som manglar stabilitet og kontinuitet i arbeidet. Enkelte manglar også skriftlege nedfelte rutinar o.l., samt forankring i kommunale planar.
• Ein suksessfaktor i arbeidet med å få flyktningen vidare i eigen bustadkarriere er individuelt tilpassa rettleiing og langsiktig perspektiv i arbeidet.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Boveiledning og veiledning i boligkarriere

 

Last ned erfaringsheftet Gode grep for boveiledning og veiledning i boligkarriere for flyktninger