Bosettingsklare flyktninger og avtalt selvbosetting.

Avtalt sjølvbusetting går ut på at flyktningar som enno ikkje er tildelt ein kommune, finn bustad i den private leigemarknaden og får busettinga godkjent av kommunen og IMDi. Rapporten ser nærare på fordelar og ulemper ved ordninga for flyktningar, kommunar og for samfunnet på kort og lang sikt.

Erfaringer fra casekommuner og flyktninger. Rapport 2.

Forfattar:
Søholt, S., E. Henningsen og E. Dyb
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Husbanken
Oppdragsutførar:
By- og regionforskningsinstituttet NIBR

Kort om publikasjonen

Studien er andre og siste del av eit større FoU-prosjekt om avtalt sjølvbusetting blant flyktningar. Ordninga med avtalt sjølvbusetting går ut på at flyktningar som enno ikkje er tildelt ein kommune, finn bustad i den private leigemarknaden og får busettinga godkjent av kommunen og IMDi. Rapporten ser nærare på fordelar og ulemper ved ordninga for flyktningar, kommunar og for samfunnet på kort og lang sikt. Rapporten tematiserer også kva for implikasjonar avtalt sjølvbusetting kan ha for den norske busettingsmodellen.

Det er gjennomført casestudiar i tre bydelar i Oslo som har ulik tilgang til kommunale bustader, og i Sarpsborg, Bergen, Volda, Tromsø og Trondheim. Sistenemnde er med som kontrastcase fordi kommunen har hatt dårlege erfaringar med avtalt sjølvbusetting og gått vekk frå ordninga. Informantgruppa er ein kombinasjon av flyktningar, politikarar, kommunal forvaltning og busettingsansvarlege.

Oversikt over hovudfunn

• Avtalt sjølvbusetting har påverka busettingssystemet positivt. I casekommunane har busettingskapasiteten auka og busettinga har gått raskare når flyktningane kjem inn som ein aktiv part slik dei  gjer ved avtalt sjølvbusetting.
• For flyktningar som nyttar seg av ordninga med avtalt sjølvbusetting, er det ikkje først og fremst tilgang på bustad som avgjer kommunevalet, men håp om utdanning og arbeid.
• Den private leigemarknaden blir brukt som eit trekkspel for å handtere svingingar i busettingsbehov og busettingskapasitet.
• Mange av dei som nyttar seg av ordninga, leiger bustad av andre innvandrarar og får tilgang til delar av leigemarknaden som kommunen ikkje har hatt tilgang til.
• Ein kan sjå avtalt sjølvbusetting som ei form for busetting som blir drive av nettverk. Dette fordi nokre av rollene som offentlege myndigheiter har, blir tatt over av nettverk flyktningane er ein del av. Flyktningane inngår i hjelperelasjonar med kvarandre, der dei hjelp kvarandre med å finne bustad og gjer integreringa i lokalsamfunna lettare.
• Det kan også skje at rolla som hjelpar slår over i ei meglarrolle – der flyktningar kan bli krevd for pengar eller andre ytingar for å få tilgang på bustadkontrakter. Dersom kontaktpersonar kontrollerer tilgangen til gode (som bustadkontrakter) kan flyktningar ende i et negativt gjelds- eller klientforhold til dei som i utgangspunktet var hjelparane deira.
• Dei som buset seg gjennom avtalt sjølvbusetting utløyser eit anna bustadpotensiale enn ved ordinær busetting. Dei buset seg i fleire og ulike typar nabolag, noko som fører til at færre bur i område med andre vanskelegstilte. På den måten kan ein positiv integreringseffekt oppstå, fordi det er større sjanse for at flyktningane får norske naboar, fordelinga av barn med flyktningbakgrunn på skular, helsestasjonar og så vidare blir annleis.
• Det vert viktig framover at staten sikrar spreiing av informasjon om ordninga til kommunar, asylmottak og flyktningar.
• Kommunane bør marknadsføre moglegheita for avtalt sjølvbusetting til flyktningar og asylmottak.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Bosettingsklare flyktninger og avtalt selvbosetting