- Forfattar:
- K. R. Tronstad.
- Publisert av:
- NIBR
- Utgivingsår:
- 2014
- Oppdragsgivar:
- IMDi sør
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Formålet med notatet er å analysere busetting og integrering av flyktningar i Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Dei overordna problemstillingane som blir belyste i notatet, er kva som kan forklare kommunane si velvillige innstilling til å busette flyktningar. Kva kan forklare variasjonen i oppnådde resultat for deltakarar i introduksjonsprogram i ulike kommunar? Er det nokon samanheng mellom det å vere villig til å busette flyktningar og resultat i introduksjonsprogrammet?
Oversikt over hovudfunn
- Analysen viser at det er ein gruppe på sju kommunar som skårar høgt på både busetting og overgang til arbeid og utdanning.
- Ei gruppe på åtte kommunar skårar lågt både på busetting og på integrering av flyktningar.
- Ei tredje gruppe kommunar er dei som har vore relativt restriktive med å ta imot flyktningar, men som har lykkast godt med å få dei ut i arbeid og utdanning.
- Ei fjerde gruppe kommunar er kjenneteikna ved å ha busett relativt mange av dei flyktningane dei er bedne om, men som i mindre grad har lykkast med å få integrert dei i etterkant.
Lenke til meir informasjon
Last ned notatet Bosetting og integrering av flyktninger i Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder