- Forfattar:
- T. Ibenholt og O. Bakli
- Utgivingsår:
- 2009
- Oppdragsgivar:
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
- Oppdragsutførar:
- Devoteam daVinci
Kort om publikasjonen
Formålet med rapporten er å komme med forslag til tiltak som skal bidra til at busetting av flyktningar skal kunne skje innan 30 dagar etter at vedtaket om opphald er fatta. I tillegg er målet å få fram ny kunnskap om tiltakskjeda og tidsfristar i tillegg til ei heilskapleg forståing av saksflyten i busettingsarbeidet.
Rapporten er basert på intervju med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, IMDi, kommunar, mottak, UDI, KS, innvandrarorganisasjonar, i tillegg til casestudiar.
Oversikt over hovudfunn
- Det er ikkje nødvendigvis nokon motsetnad mellom rask og god busetting, men god busetting er blant anna avhengig av gode prosessar både før og etter sjølve busettingsprosessen.
- Det tar for lang tid å kople busettingsklare og ledige bustader. Hovudproblemet er ikkje mangel på bustader, men mangel på bustader av riktig størrelse – og på riktig stad.
- Husbanken sine investeringsordningar blir av mange sett på som lite gunstige, og dei blir i liten grad brukte for å skaffe bustader til flyktningar.
- IMDI si saksbehandling er prega av stor fleksibilitet og stort handlingsrom for den enkelte saksbehandlar, men er også svært personavhengig. Dette medfører individuell behandling av den enkelte saka.
- Systemet gir motstridande signal med omsyn til kva som kan/skal leggast vekt på ved busetting.
- Økonomiske rammevilkår er avgjerande både for kor mange vedtaksplasser som blir tilbydde og også i nokon grad for kor raskt busettinga av ulike kategoriar av busettingsklare går føre seg.
- Økonomiske verkemiddel/insentiv er sannsynlegvis det sterkaste styringsinstrumentet for å få til raskare busetting.