Boligsosialt utviklingsprogram i Groruddalen - en foranalyse

Forfattar:
E. Dyb, C. Lied og H. Renå
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Oslo kommune, Byrådsavdeling for eldre og sosiale tjenester
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Oslo kommune med dei fire bydelane i Groruddalen – Alna, Bjerke, Grorud og Stovner – blei tatt opp i Husbanken sitt bustadsosiale utviklingsprogram frå 2010. Som ein del av deltakinga i utviklingsprogrammet har Oslo kommune med dei fire bydelane ønskt å få gjennomført ein ekstern foranalyse. Formålet med foranalysen er å styrke kunnskapen om dei bustadsosiale utfordringane og legge grunnlag for meir målretta prioriteringar og satsingar.

Rapporten har følgande målsettingar:

  1. Beskrive og analysere status, utfordringar og moglegheiter på det bustadsosiale området
  2. Komme med forslag til moglege innsatsområde
  3. Danne kunnskapsgrunnlag for det bustadsosiale arbeidet i kvar av dei fire bydelane, for regionen som heilskap og i forhold til bydelane si samhandling seg imellom og med Oslo kommune sentralt
  4. Danne grunnlag for planlegging av det vidare programmet i Oslo og dei fire bydelane

Datagrunnlaget for rapporten er dokument knytte til bustadsosialt arbeid i Oslo kommune, bydelane Alna, Bjerke, Grorud og Stovner og Husbanken. Vidare er rapporten basert på intervju med tilsette og politikarar i dei fire bydelane i tillegg til representantar for andre verksemder og organisasjonar som på ulike måtar er delaktige eller involverte i det bustadsosiale arbeidet. Rapportenbruker også noko statistikk, primært frå Statistisk sentralbyrå og Oslo-statistikken.

Oversikt over hovudfunn

  • Bydelane har for få kommunale bustader, og den kommunale bustadmassen er for lite differensiert og tilpassa befolkninga sitt behov.
  • Det er ein viss forskjell mellom dei fire bydelane i bruken av økonomiske verkemiddel.
  • Buoppfølgingstenesta har ei nøkkelstilling i den individuelle oppfølginga av vanskelegstilte bebuarar. Samtidig er tenesta ganske ny, og spissformulert kan det synest som om alle aktivitetar skal falle inn under buoppfølgaren sitt ansvarsområde.
  • Dei bumiljørelaterte utfordringane er samansette og finst både i kommunale bustader/bustadkompleks og i private utleigebustader.
  • Kommunen og bydelane står overfor to generelle utfordringar når det gjeld kompetanseheving og læring. Den første er å vurdere det å behalde innarbeidde rutinar opp mot behovet for endring for å nå nye mål. Den andre er å få fram den ”tause” kunnskapen, inkludert kunnskap og kompetanse opparbeidd gjennom praksis og som ikkje blir overført gjennom organisert opplæring.

Lenke til meir informasjon

Last ned foranalysen "Boligsosialt utviklingsprogram i Groruddalen"