Boligsosialt arbeid i Flora - en foranalyse

Forfattar:
Helge Renå og Camilla Lied
Publisert av:
NIBR-rapport: 2013:29
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Flora kommune
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

I samband med kommunen si deltaking i Husbanken sitt bustadsosiale velferdsprogram ønskte Flora kommune at ein ekstern foranalyse skulle gjennomførast. Denne rapporten er resultat av den analysen.

Foranalysen har tre hovudelement:

  1. Gi ein analyse av situasjonen i dag
  2. Beskrive kommunen sine hovudutfordringar på det bustadsosiale feltet
  3. Gi tilrådingar om kva for hovudsatsingsområde som har størst potensial for å redusere flaskehalsar og gi auka ressurseffektivitet i kommunen

Rapporten er basert på tre typar data/analysar:

  1. Dokumentstudiar av kommunen sine sentrale plan- og styringsdokument, og i tillegg ei rekke andre dokument overleverte frå kommunen
  2. Statistiske analysar av data henta frå KOSTRA og SSB
  3. Intervju med til saman 23 personer i kommunen

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadmassen som kommunen disponerer, er ikkje tilpassa dagens befolkning i tilstrekkeleg grad.
  • Det har vore sett av svært lite ressursar i kommunen til buoppfølgingstenester.
  • Det har vore ein markant auke i kommunen si vidaretildeling av startlån i 2012, men kommunen er framleis under landsgjennomsnittet.
  • Samarbeidet mellom dei ulike aktørane i kommunen fungerer stort sett godt.
  • Rapporten gir tre spesifikke tilrådingar til kommunen:
    1. å omdisponere den kommunale bustadmassen slik at han i større grad samsvarer med kommunen/målgruppene sine beho
    2. å ha eit ekstra fokus på ungdom og unge i sitt programarbeid
    3. å betre gjennomstrøyminga i den bustadmassen kommunen disponerer

Lenke til meir informasjon

Last ned NIBR-rapporten "Boligsosialt arbeid i Flora"