Boligsosialt arbeid i Fjell kommune - en evaluering

Forfattar:
A. Holm og H. M. Bjørnsen
Publisert av:
NIBR-rapport: 2012:12
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Fjell kommune
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten gir ei evaluering av det bustadsosiale arbeidet i Fjell kommune. Fokus er dels på korleis arbeidet er organisert, men også på verkemiddelbruk. Evalueringa gir dels ei beskriving, men også ei drøfting av utfordringar og moglege løysingar. I tillegg er det gjort framskrivingar av framtidige bustadbehov i Fjell kommune. Moglegheiter og utfordringar i regionalt samarbeid og Samhandlingsreforma blir også diskutert.

Rapporten er meint å vere eit grunnlagsdokument for dei strategiske vala som skal gjerast i kommunen i utarbeidinga av bustadplanen, knytt til delen for bustadsosiale behov og utfordringar.

Oversikt over hovudfunn

  • Organiseringa av det bustadsosiale arbeidet bygger på ein høg grad av spesialisering, med bustadsosiale oppgåver fordelte på fagavdelingane for helse, sosial og omsorg.
  • Den organisatoriske spesialiseringa aukar behovet for samordning i kommunen.
  • Den største utfordringa i Fjell kommune er tilgang til eigna bustader. Dette gjeld enten det er bustader som er disponerte av kommunen, Fjell bustadstifting eller bustader på den private marknaden.
  • Fjell kommune disponerer færre kommunalt disponerte bustader enn gjennomsnittet for landet som heilskap.
  • Det er ein avgrensa sirkulasjon i dei kommunalt disponerte omsorgsbustadene.
  • Personar som fell utanfor dei bustadene som er definerte for visse grupper, har ikkje nokon alternativ.
  • Bustadnemnda slit med mange interne utfordringar spesielt rundt ulike vurderingar av kva behov som bør kvalifisere for bustad og kva for søknader som kvalifiserer for behandling.
  • Befolkningsframskrivingar viser stor vekst i delen av eldre, og i tillegg ein generelt stor befolkningsvekst.

Lenke til meir informasjon

Last ned NIBR-rapporten "Boligsosialt arbeid i Fjell kommune - en evaluering"