Boligsosial planlegging og det kommunale plansystemet

Forfattar:
S. Nørve
Publisert av:
NIBR-rapport: 2012:25
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken, Midt-Norge

Kort om publikasjonen

Rapporten ser på utviklinga av bustadsosiale planar i tre kommunar og korleis problemstillingane knytte til det bustadsosiale kan vere forankra i det overordna planarbeidet. Vidare korleis drift – og investeringskostnader – blir spelt inn mot budsjettarbeidet.

Rapporten har følgande problemstillingar:

  • Kva er dei store utfordringane for det bustadsosiale arbeidet slik det går fram av den bustadsosiale planlegginga?
  • Kva plan- og omstillingsprosessar peikar planane mot? Kva oppnådde kommunane gjennom den første runden av bustadsosiale planar?
  • Korleis har utviklinga av dei bustadsosiale planane vore? Blir dei rullerte, og korleis blir arbeidet organisert?
  • Kva kan ein seie om den bustadsosiale planen, er det ein ”underordna” plan, eller dannar han premissar for anna planarbeid? Finn ein ein vekselverknad her?
  • Kva for plantypar er bustadsosial plan i første rekke kopla mot?

Rapporten er basert på studiar av tre kommunar. Forskarane har vore på kommunebesøk og intervjua ei rekke aktørar. I tillegg har dei nytta seg av kommunane sine plandokument.

Oversikt over hovudfunn

  • Det har skjedd ei endring over tid med omsyn til kven som skal hjelpast med bustad, og korleis. Kommunane stod derfor overfor ei omstrukturering av leigebustadmassen.
  • Flyktningar var overrepresenterte i den kommunale leigebustadmarknaden.
  • Det ser ut til at den bustadsosiale planlegginga har avdekt problematiske sider ved den bustadsosiale politikken, og at planarbeidet har ført fram til betre organisasjonsmodellar.
  • Tanken om tenesterasjonalisering (å organisere på ein smart måte) hadde stor innverknad på omstillinga av bustadmassen.
  • Dei bustadsosiale handlingsplanane er ikkje i nokon av kommunane utforma som ein kommunedelplan.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Boligsosial planlegging og det kommunale plansystemet