Boligproblemer for innbyggere med etnisk minoritetsbakgrunn

Sosialtjenestens problemforståelse, tiltaksrepertoar og muligheter

Forfattar:
L. Østby og E. Brodtkorb
Utgivingsår:
2009
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Diakonhjemmet Høgskole og HUSK Osloregionen.

Kort om publikasjonen

Rapporten tar utgangspunkt i utfordringar knytte til bustadsituasjonen til eit aukande tal på innbyggarar med etnisk minoritetsbakgrunn i Bjerke bydel.

Rapporten bygger på til saman tre fokusgruppeintervju med saksbehandlarar i sosialtenesta og på bustadkontoret i Bjerke bydel.

Oversikt over hovudfunn

  • Tilsette ved sosialtenesta vurderer bustadproblema som eit sosialt problem. Dei opplever at tiltaka dei har å spele på, er for få og for dårlege.
  • Det er mangel på eigna bustader og på differensierte tiltak for oppfølging av personar i bustad.
  • Dei tilsette definerer bustadproblema som individuelle problem.
  • Tiltak som blir foreslåtte:
    • Vurderingar og saksbehandlingar kan gjerast til meir opne og kollektive prosessar.
    • Strengare regulering av den private utleigemarknaden
    • Fleire bustade
    • Tettare oppfølging og opplæring av brukarar
    • Styrke samarbeidet med utleigarar

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Boligproblemer for innbyggere med etnisk minoritetsbakgrunn