Bolig og helse

Samhandlingsreformens betydning for boligpolitikken

Forfattar:
H. Gautun og A. B. Grønningsæter
Publisert av:
Fafo-rapport 2012:03
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Stortinget vedtok i april 2010 ei samhandlingsreform for helsetenesta. I denne reforma sette staten ned fleire sentrale mål. I samband med dette vil bustadpolitikken kunne ha betyding for om kommunane kan lykkast med det førebyggande arbeidet, men også for å halde ved lag behandlingseffektar etter ferdig behandling og for gode rehabiliteringsprosessar. På bakgrunn av dette har rapporten følgande problemstilling: Kva betyding vil samhandlingsreforma få for framtidig sosial bustadpolitikk i kommunane? Denne vide problemstillinga blir vidare i rapporten delt opp i ni delspørsmål.

Rapporten er basert på ein dokumentanalyse av sentrale offentlege dokument og utgreiingar om reforma. Vidare blei det gjennomført fokusgruppeintervju i to kommunar, og ei kvalitativ intervjuundersøking med rådmenn og leiarar i helse- og sosialtenesta og i bustadsektoren i dei same kommunane.

Oversikt over hovudfunn

  • I dei offentlige dokumenta er det gjort få koplingar mellom samhandlingsreforma og bustadpolitikken. Bustadpolitikken er heilt fråverande i dokumenta om helsesektoren, og helsesektoren er i liten grad med i dokumenta om bustadpolitikken.
  • Fleire informantar etterlyser eit større engasjement frå statlege aktørar som Husbanken og Fylkesmannen for å stimulere til ei ivaretaking av bustadperspektiva i samhandlingsreforma.
  • Om samhandlingsreforma vil føre til ei større samordning i kommunar som ikkje har samordna bustadpolitikk og helse- og sosialpolitikk, vil sannsynlegvis vere avhengig av sentrale føringar.
  • Det er behov for å utvikle strategiar for ein meir utstrekt bruk av universelt utforma bustader.
  • Det ein fare for at tenestetilbodet som blir gitt til brukarar i eigen heim/bustad kan bli stramma inn, eller at bustader for personar med oppfølgingsbehov i større grad blir samlokaliserte for å effektivisere kommunen si tenesteutøving.
  • Dei fleste av informantane gav støtte til reforma sine målsettingar. Samtidig gav informantar uttrykk for at desse målsettingane kan bli vanskelege å nå.
  • Samhandlingsreforma si betyding for framtidig bustadpolitikk i kommunane vil variere frå kommune til kommune dersom det ikkje blir tatt nokre grep frå sentralt hald.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Bolig og helse - Samhandlingsreformens betydning for boligpolitikken