Bolig og folkehelse - hva er sammenhengen?

En litteraturstudie

Forfattar:
Marit K. Helgesen, Arne Holm, Lars Monkerud og Lene Schmidt
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Prosjektet er ein litteraturstudie og tek føre seg artiklar som seier noko om samanhengen mellom bustad/buområde og helse. Litteraturstudien viser at det er ein samanheng mellom bustad/buområde og helse, og at det å bu i ein dårleg bustad påverkar helsa negativt, både fysisk og mentalt. Denne samanhengen kan verte overstyrt av variablane utdanning og inntekt. Det tyder på at det er sosiale skilnader i fordeling av bustad som er dei bakanforliggjande årsakene.

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadområde som har varierte omgivnadar og som tilbyr eit variert romleg mønster, det vil seie tilgang på offentleg kommunikasjon, offentlege og private tenester, tenester innanfor kultur og konsumpsjon, tilgang til fysisk aktivitet og nærfriluftsliv, påverkar den fysiske helsa positivt fordi bebuarane enkelt kan bruke sitt nærområde og det er mogleg å gå og sykle.
  • Gode bustadområde påverkar også den mentale helsa til bebuarane. Først og fremst fordi det er mogleg å vere fysisk aktiv i tilknyting til bustaden, men også fordi områda legg til rette for at det kan byggjast sosial kapital mellom bebuarane.
  • Fysiske manglar ved buområde eller nabolag dreier seg ofte om manglande grøntområde, for tett busetnad, bustadområde som ser slitne ut som følgje av graffiti og tagging, søppel og rot, kriminalitet og vald, støy og utslepp frå trafikk og industri. Dette er til dels også knytt til opphoping av bebuarar med lav sosioøkonomisk status (SES) og segregering langs dimensjonane landbakgrunn og alder. Begge desse gruppene av faktorar påverkar både den fysiske og den mentale helsa negativt.
  • Ein faktor som trangbuddheit viser seg å vere viktig for barn sine skuleprestasjonar, og dessutan for deira mentale helse og trivsel meir generelt.
  • Personar som har utfordringar med omsyn til rus og psykiatri har svak tilknyting til bustadmarknaden og dei bur også ofte dårleg. Det er også påvist at menneske med innvandrarbakgrunn har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden, dette gjeld også i Noreg. Det er også slik at dei sjeldnare enn andre eig sin eigen bustad.
  • Studiane vi har gått gjennom konkluderer ulikt med omsyn til bustad som sjølvstendig orsak til helsetilstand. I korrelasjonsanalysar og bivariate analysar kjem denne typen effektar fram, men dei kan overstyrast av effektane variablane utdanning og inntekt har på helse når dei vert prøvd i multivariate analysar. At utdanning og inntekt påverkar helse er ei velkjend problemstilling, dette er dei to viktigaste påvirkningsfaktorane for helse.
  • Studiane vi har gått gjennom viser til at utdanning og inntekt samvarierer med bustad på en slik måte at dei påverkar kva for eit buområde eller nabolag ein kan busette seg i og kva for ein bustad ein kan ha. Denne sterke samvariasjonen viser til at bustad er ulikt fordelt i befolkninga avhengig av utdanning og inntekt. Samstundes viser også studiar som bruker tidsseriar og paneldata at bustad og spesielt bustadområde er ein sjølvstendig orsak til helsetilstand.

Lenke til meir informasjon

Last ned heile rapporten "Bolig og folkehelse - hva er sammenhengen"