Bolig med kommunens bistand

En studie av kommunal bistand til boligsøkende for å skaffe dem bolig i det private leiemarkedet

Forfattar:
Åsmund Langsether
Publisert av:
NOVA Rapport 17/05
Utgivingsår:
2005
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Hensikta med rapporten er å kartlegge dei metodane og verkemidla kommunane nyttar når dei hjelper vanskelegstilte bustadsøkande med å leige bustad i den private leigemarknaden. Vidare utarbeider rapporten, på grunnlag av denne kartlegginga, eit forslag til definisjon av kommunalt formidla leigebustad.

Sluttvis kjem rapporten med tilråding om kva for praktiske indikatorar og avgrensingar som skal leggast til grunn når det eventuelt skal utformast ein rettleiar.

Kartlegginga er basert på eit nettbasert spørjeskjema sendt til alle landets kommunar via rapporteringskanalane i KOSTRA. Til saman svarte 233 kommunar og 20 bydelar.

Oversikt over hovudfunn

  • Dei fleste kommunar og bydelar hjelper vanskelegstilte bustadsøkande med å skaffe seg bustad i den private leigemarknaden. Men verksemda blir driven i eit varierande omfang og har for de fleste kommunar ein sporadisk karakter.
  • Formidlingsverksemda blir driven oftare – og med eit breiare spekter av tiltak – i store enn i små kommunar.
  • Det vanlegaste formidlingstiltaket overfor dei bustadsøkande er å oppfordre folk til å skaffe seg bustad sjølve, for så å komme tilbake for å få meir hjelp dersom dette ikkje lykkast.
  • Tiltaket over er etter informantane si oppfatning det som oftast fører til eit positivt resultat, i form av etablering av nye leigeforhold.
  • Å arrangere visningar av aktuelle bualternativ blir vurdert som det nest mest effektive tiltaket.
  • Dei fleste av informantane i denne undersøkinga har blanda erfaringar med omsyn til kva dei oppnår med denne formidlingsverksemda. Mange gir uttrykk for at det er vanskeleg å skaffe bustad i den private leigemarknaden.
  • Formidlingsverksemda er organisert svært forskjellig i kommunane. Det mest vanlege er at ho er lagt til sosialkontoret eller delt mellom dette og eit bustadkontor.
  • Berre eit fåtal av kommunane/bydelane rapporterer at dei gjennomfører noka form for registrering av den formidlingsverksemda dei driv.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Bolig med kommunens bistand - En studie av kommunal bistand til boligsøkende for å skaffe dem bolig i det private leiemarkedet