Bo- og tjenestetilbud for bostedsløse

Hvordan kommunene ivaretar sin plikt til å finne midlertidig husvære for dem som ikke klarer det selv

Forfattar:
Jon Anders Drøpping
Utgivingsår:
2005
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Denne rapporten presenterer funna frå ei undersøking om korleis kommunane tar var på plikta si til å finne mellombels husvære for dei som ikkje klarer det sjølve. Hovudfokuset i notatet er på sosiale tenester.

Hovudmåla med undersøkinga er å gi eit grunnlag for vidare utviklingsarbeid på dette området og å gi innspel til registrering av mellombelse butilbod i KOSTRA. Notatet har fire problemstillingar.

  1. Kva tilbod nyttar kommunen for å ta vare på sitt ansvar etter paragraf 4-5 i sosialtenestelova?
  2. Kva krav til kvalitet stiller kommunane til dei tilboda som blir nytta?
  3. Korleis følger kommunane opp personer som blir tilbydde plass i mellombels husvære?
  4. Den siste problemstillinga er knytt til kommunane si rapportering av kommunale tenesteproduksjonsdata til Statistisk sentralbyrå (KOSTRA). I hovudsak spør den om kva slags vurderingar sosialtenesta gjer om opplysningane som skal rapporterast.

Notatet er basert på 27 intervju med informantar i sosialtenesta i til saman 15 kommunar.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er uklart kva som skal knytast til omgrepet «mellombels husvære».
  • Alle kommunar, uansett størrelse, har tidvis behov for mellombelse døgnovernattingsstader.
  • Kommunane bruker svært forskjellige løysingar for å dekke behovet for mellombelse overnattingsstader, og det usikkert om det er god nok kvalitet på nokre av tilboda.
  • Inngåing av kvalitetsavtalar med eksterne butilbydarar har til ein viss grad blitt ein etablert praksis. Dette gjeld særleg i dei store bykommunane.
  • Brukarane er generelt lite fornøgde med sosialtenesta si oppfølgingsverksemd.
  • Rehabiliteringsaktivitetar er relativt lite vektlagde blant anna når det gjeld den innleiande oppfølginga.

Lenke til meir informasjon

Last ned notatet Bo- og tjenestetilbud for bostedsløse