Arbeidsinnvandring

Konsekvensar for det kommunale apparatet

Forfattar:
K. Thorshaug, M. Valenta og B. Berg
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning
Utgivingsår:
2009
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
Oppdragsutførar:
NTNU Samfunnsforskning

Kort om publikasjonen

Temaet for rapporten er norske kommunar sine erfaringar med den auka arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa etter EU-utvidinga i 2004. Formålet med rapporten er å gi betre kunnskap om korleis arbeidsinnvandringa blir opplevd og tatt imot av det kommunale tenesteapparatet. (Rapporten tar særleg føre seg norskundervisning, men i denne oppsummeringa blir det som handlar om bustad vektlagt.)

Undersøkinga blei gjennomført hausten 2008 og består av ein kombinasjon av kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. Det er gjennomført i overkant av 30 intervju med tilsette ved ulike einingar i seks kommunar, og i tillegg intervju med representantar for statlege og private organisasjonar. I tillegg har 264 kommunar svart på ei breiddeundersøking.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunane opplever ressursmessige utfordringar.
  • I enkelte einingar er det uklare oppfatningar om ansvarsfordelinga knytt til arbeidsinnvandrarar og deira familiar.
  • Det er eit aukande fokus i fleire kommunar på arbeidsinnvandrarar og deira familiar sine behov.
  • Fleire av utfordringane er knytte til bustad, kommunikasjon og tilrettelegging av språkopplæring.
  • Små og store kommunar opplever arbeidsinnvandringa på ulike måtar når det gjeld presset på bustadmarknaden.
  • Når det gjeld små kommunar, er ei av dei største utfordringane knytt til bustadproblematikk.
  • Arbeidsinnvandrarar, både med og utan familiar, er skeptiske til å ta opp store huslån, noko som gjer det vanskeleg å etablere seg på bustadmarknaden.
  • Informantane etterlyser større kunnskap om og bruk av Husbanken sine ordningar.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Arbeidsinnvandring – Konsekvenser for det kommunale apparatet