Alle skal bo, det er tjenestene det kommer an på

Kartlegging av udekkede tjeneste- og boligbehov blant personer med psykiske lidelser

Forfattar:
I. L. S. Hansen og S. Ytrehus
Publisert av:
Fafo-rapport 494
Utgivingsår:
2005
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Rapporten er ei kartlegging av udekte bu- og tenestetilbod blant personar med psykiske lidingar. Kartlegginga omfattar både den gruppa som har psykiske lidingar, som bur i kommunane, og den gruppa som bur i institusjon og som det er planlagt at skal flytte tilbake til heimkommunen. Kartlegginga er basert på ti kommunar og ti bydelar i Oslo.

Oversikt over hovudfunn

  • Dårleg informasjonsutveksling mellom einingar i kommunen/bydelen og manglande informasjonsutveksling mellom første- og andrelinjetenesta blir av fleire nemnt som ei årsak til dårleg oversikt over målgruppa.
  • I den kommunale forvaltninga er det svært ulik praksis for registrering på feltet og mange ulike registreringssystem.
  • Tenestetilbod blir påverka av knappe ressursar. Vurdering av hjelpebehov blir tilpassa og sett i forhold til det eksisterande tenestetilbodet.
  • Det er behov for ei bevisstgjering lokalt om korleis ein tenker rundt bustad for personar med psykiske lidingar.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten Alle skal bo, det er tjenesten det kommer an på