Utenfor de boligsosiale ordningene

Forfattar:
H. C. Sandlie og V. Nordvik
Publisert av:
NOVA
Utgivingsår:
2009
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Den bustadsosiale politikken består av eit mylder av ulike verkemiddel. Nokre av desse blir finansierte og forvalta på statleg nivå, mens andre blir forvalta og finansierte på eit kommunalt nivå. Ein skranke i utforminga av verkemidla er kva for kriterium som skal ligge til grunn for tildelinga av ulike verkemiddel, og i tillegg samordninga av dei. Det er med andre ord ein risiko for at dei statlege og kommunale verkemidla ikkje når heile målgruppa av vanskelegstilte, og at nokre vanskelegstilte fell utanfor alle ordningane. Hensikta med dette notatet er å gi ei nærmare beskriving av buforholda blant dei som på ulike måtar ligg på grensene til å få bistand frå éi av dei økonomiske støtteordningane i den bustadsosiale politikken.

Oversikt over hovudfunn

  • Det å vere vanskeligstilt på bustadmarknaden er ikkje noko ein verken kan eller bør forstå langs ein enkel inntektsdimensjon. Problema ulike husstandar møter på bustadmarknaden, er mangearta og samansette, og inntekt er berre éin av fleire faktorar som kan vere årsak til vanskar i bustadsituasjonen for ein husstand. Andre tilleggsdimensjonar kan for eksempel vere ein omfattande og uoversiktleg gjeldsportefølje (forbrukslån, bidragsgjeld mv.), i tillegg til såkalla sosiomedisinske kriterium som ofte blir nytta for tildeling av kommunale bustader.
  • Det er ikkje opplagt at ein identifiserer hol i den bustadsosiale politikken, berre fordi det er mogleg å peike på at det er eit segment av inntektsfordelinga som ikkje blir dekt av dei bustadøkonomiske verkemidla.
  • Blant husstandar som ligg på grensene til å kunne få støtte frå dei bustadsosiale ordningane, eller nærmare bestemt blant dei som bur i «hola», finn forfattarane klart innslag av problematiske buforhold. Ut frå ei bustadsosial vurdering meiner forfattarane likevel at det er vel så relevant å spørje om desse husstandane er eksempel på at dagens ordningar ikkje treffer etter hensikta, eller om ordningane har eit tilstrekkeleg omfang, som det er å diskutere om dette er husstandar som fell mellom ulike ordningar.
  • Ei problemstilling som kan knytast til treffsikkerheita og omfanget av dagens ordningar, er i kva grad det i dag er eit tilstrekkeleg samspel mellom ordningane.
  • Manglande samspel mellom ulike verkemiddel kan vere ei svakheit med den bustadsosiale politikken. Dette er likevel ikkje alltid tilfellet.
  • Avslutningsvis argumenterer rapporten for at det finst rom for forbetringar i dagens bustadsosiale støtteordningar, både med omsyn til regelverk og praktiseringa av dette.

Lenke til meir informasjon

Les helie notatet Utenfor de boligsosiale ordningene