En boligsosial forstudie fra Sarpsborg kommune

Forfattar:
V. Nordvik
Publisert av:
NOVA-notat nr. 4/2012
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Sarpsborg kommune
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Dette notatet rapporterer NOVA sin forstudie for Sarpsborg kommune si deltaking i eit bustadsosialt utviklingsprogram i regi av Husbanken. Sarpsborg sitt engasjement i programmet skil seg ein del frå andre deltakarar ved at ein også har eit fokus på samspelet mellom det bustadsosiale feltet og den generelle bustadpolitikken og planlegginga. Notatet baserer seg på innleiande intervju og på fem møte med et breitt utval av interessentar frå det bustadpolitiske feltet, både kommunen sine eigne folk og representantar frå andre aktørar.

Notatet inneheld beskrivingar av utfordringar som kommunar generelt står overfor innan sin bustadpolitiske praksis, med eit spesielt fokus på Sarpsborg kommune. Vidare beskriv notatet situasjonen i dag i Sarpsborg – både på det bustadsosiale feltet og når det gjeld bustadprisar og -bygging. Notatet gir i liten grad konkrete forslag til løysingar på korleis kommunen bør jobbe. Notatet er meint å vere eit grunnlag for Sarpsborg kommune sine eigne refleksjonar om korleis dei kan utvikle sin bustadpolitiske og bustadsosiale praksis. Likevel gir notatet i avslutninga nokre tilrådingar om retningar og felt som bør gjerast til gjenstand for ein slik refleksjon.

Lenke til meir informasjon

Les heile den bustadsosiale forstudien frå Sarpsborg kommune.