Rom for refleksjon

Kirkens Bymisjon og oppfølging av bostedsløse

Forfattar:
J.-K. Breivik og B. Ravneberg
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo og Sosial- og helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
Rokkansenteret

Kort om publikasjonen

Denne undersøkinga handlar om fire bu- og oppfølgingstilbod i regi av Kirkens Bymisjon i Oslo (SKBO). Dette er tiltak som blei sette i gang i kjølvatnet av det nasjonale «Prosjekt Bostedsløse», som starta i 2001 og som blei vidareført gjennom den nasjonale strategien «På vei til egen bolig» frå 2005 til 2007.

Notatet er hovudsakleg basert på eit kvalitativt datamateriale: dokumentanalyse, gruppeintervju med tenesteytarar ved kvart av tiltaka, sju intervju med bebuarar, intervju med nøkkelpersonar i leiinga i tillegg til besøk på to av aktivitetstilboda til SKBO.

Oversikt over hovudfunn

  • Desse bu- og oppfølgingstilboda fyller eit oppsamla behov for buoppfølgingstenester i Oslo kommune og representerer eit viktig mangfald på tilbodssida.
  • Eit gjennomgåande tema i undersøkinga er korleis Kirkens Bymisjon si vektlegging av buoppfølgingstenesta som tidkrevjande relasjonsarbeid støyter på utfordringar, særleg i forhold til det offentlege sine forventningar om raske resultat.
  • Undersøkinga viser at det ikkje har vore lett å organisere og koordinere oppfølgingstenesta, og at det blir arbeidd med å forankre tenesta betre i organisasjonen.
  • Undersøkinga viser også at tilboda inngår i ulike samarbeidskonstellasjonar med sosialtenester i ulike bydelar, noko som legg ulike premissar for arbeidet.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Rom for refleksjon