Prisdannelse i det norske leiemarkedet

Et teoretisk og empirisk analyse av hovedmekanismer generelt og utsatte grupper spesielt

Forfattar:
E. Røed Larsen og D. E. Sommervoll
Publisert av:
Utrykt vedlegg for NOU 2011:15 Rom for alle
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Oppdragsutførar:
BI

Kort om publikasjonen

Studien undersøker prisdanningar i den norske leigemarknaden. Bustadmarknaden består av eigde og leigde objekt. Fordi begge typar objekt kan tilfredsstille dei same behova for bustadkonsum, meiner ein at dei ofte er nære substitutt. Forfattarane argumenterer derimot for at dei faktorane som fullstendig bestemmer prisane på eigemarknaden, på langt nær bestemmer prisane i leigemarknaden. Mens aktørane på eigemarknaden møter kvarandre éin gong for å forhandle om pris, vil aktørane på leigemarknaden inngå ein langsiktig relasjon der eigenskapar ved leigetakar, utleigar og forholdet mellom desse blir prisa inn.

Studien baserer seg på Leigemarknadsundersøkingane (LMU) 2006 og 2009–2010, og på eit teoretisk tankeskjema.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er store forskjellar i husleigenivå mellom ulike leigetakar- og utleigegrupper.
  • Leigelengde er svært viktig, og lange leigeforhold blir assosierte med ein rabatt. Tidsbestemte kontraktar blir assosierte med eit påslag i prisen.
  • Objekt i den private marknaden blir prisa høgare enn objekt der utleigar er kommunar, studentsamskipnader, slektningar og venner. Profesjonell formidlingskanal blir assosiert med høgare pris.
  • Leigetakarar som får offentleg støtte, betaler høgare husleiger.
  • Ikkje-norske har gjennomgåande høgare husleiger enn norske.
  • Utanlandskfødde er underrepresenterte i sokkelmarknaden. Sokkelmarknaden har gjennomgåande lågare leiger.
  • Utanlandskfødde har mindre sosialt nettverk og større søkekostnader i sokkelmarknaden.
  • Utleigarar er meir tilbakehaldne med å leige ut til utanlandskfødde.
  • Utanlandskfødde etterspør i lågare grad sokkelleilegheiter grunna preferanseforskjellar.

Lenke til meir informasjon

Les studiet om prisdannelse i det norske leiemarkedet