Levekårsutvikling og flytting i Groruddalen

Forfattar:
K. Sørlie og E. Havnen.
Publisert av:
NIBR
Utgivingsår:
2006
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet / Oslo kommune.
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Notatet presenterer ein analyse av befolkningsutviklinga og flyttemønsteret til treårskull i ungdoms- og etableringsfasen i Groruddalen gjennom periodane 1989–1997 og 1995–2003. Forskarane følger ungdommane gjennom aldersfasen 15/17–23/25 år (ungdomsfasen) og dei unge vaksne i aldersfasen 25/27–33/35 år (etableringsfasen). Målet er både å avdekke korleis befolknings- og busettingsmønstera til ungdom og unge vaksne i Groruddalen skil seg frå resten av Oslo, og å avdekke endringar. Forutan å sjå på stabilitet og utskifting av ungdom og unge vaksne busette i Groruddalen totalt og etter landbakgrunn omfattar analysen befolkningsutvikling og flyttemønster i lys av unge vaksne si utdanning, inntekt, behov for sosialhjelp og familiesituasjon.

Oversikt over hovudfunn

  • Den «typiske» Groruddal-innbyggaren har kort vidaregåande utdanning (yrkesskule), inntekt midt på treet og har barn i skulealder når dei er 33/35 år.
  • Den auka tilflyttinga til Groruddalen kan i svært høg grad forklarast med den auka tilflyttinga av ikkje-vestlege innvandrarar.
  • Groruddalen er i aukande grad ein arena for ikkje-vestlege busette.
  • Groruddalen er ein klar arena for barnefamiliar.
  • Sett i forhold til heile Oslo har Groruddalen ei stabil befolkning.

Lenke til meir informasjon

Les heile notatet om levekårsutvikling i Groruddalen.