Langsiktige konsekvenser av å vokse opp i leiebolig.

Forfattar:
R. A. Nielsen
Publisert av:
Fafo-notat 2011:20.
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Husbanken og FOU-programmet «Boligen og velferdssamfunnet».
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Notatet inneheld dei kvantitative resultata frå prosjektet «Konsekvenser av å vokse opp under vanskelige forhold›. Tidlegare er rapporten «Bolig og oppvekst. Konsekvenser av å vokse opp under vanskelige boforhold» publisert frå prosjektet (Fafo-rapport 2011:6). Notatet undersøker samanhengen mellom å vekse opp i leigebustad og omfanget av levekårsproblem seinare i livet. Det å leige bustad er brukt som indikator på vanskelege forhold. Notatet undersøker tre hovudspørsmål:

  1. Aukar oppvekst i leigebustad sjansen for å bu i leigebustad som vaksen?
  2. Aukar oppvekst i leigebustad sjansen for å ta imot sosialhjelp som vaksen?
  3. Aukar oppvekst i leigebustad sjansen for å vere ufør som vaksen?

Studien er basert på data frå folke- og bustadteljingane i 1970, 1980 og 2001.

Oversikt over hovudfunn

  • Det å vere leigetakar som barn aukar sjansen for å vere leigetakar som vaksen.
  • Barn som veks opp i leigebustad, har auka risiko for å ta imot sosialhjelp. Den relative betydinga av å ha budd i leigebustad som barn er sterkare for mottak av sosialhjelp som vaksen enn for å vere leigetakar som vaksen.
  • Det å ha budd i leigebustad som barn har ein klar effekt på sjansen for vere ufør i vaksen alder.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om å vekse opp i leigebustad.