Housing Affordability

Drøfting av begreper og beregning av indikatorer

Forfattar:
R. Barlindhaug og K. C. Astrup
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Notatet diskuterer ulike mål på «housing affordability» med utgangspunkt i analysar av bustøtteregisteret (2012) og levekårsundersøkinga frå 2007. Styrkar og svakheiter ved indikatorar – som blir nytta i andre land eller som er aktuelle i Noreg – blir drøfta.

«Housing affordability» er eit omgrep som blir brukt med referanse til forholdet mellom buutgifter, bustadprisar og bustadkostnader. Internasjonalt blir det brukt to forskjellige indikatorar på omgrepet når det gjeld husstandar som allereie er etablerte på bustadmarknaden: forholdstalsmetoden og residual-metoden. Forholdstalsmetoden inneber at husstandar har problem knytte til «affordability» når buutgiftene deira passerer ein bestemt del av inntektene deira. Residual-metoden betyr at husstandar har eit affordability-problem viss dei ikkje har pengar til «nødvendig forbruk» etter at buutgiftene er betalte.

Oversikt over hovudfunn

  • Nokre moglege indikatorar fangar ikkje opp kortsiktige svingingar i rentenivå. Det er uheldig.
  • Buutgiftene sin del av inntektene til ein husstand er ein aktuell indikator i Noreg. Ein føresetnad for denne indikatoren er at data er skaffa på lokalt nivå, kanskje gjennom survey-metodar.
  • Indikatorar for førstegongsetablerarar kan baserast på forholdet mellom antatte bustadprisar og inntekt.
  • Indikatorar for «affordability» i leigemarknaden kan konstruerast på bakgrunn av antatte leigeprisar og berekna inntekter.
  • Levekårsundersøkingar har nokre svakheiter som utgangspunkt for indikatorar for «Housing Affordability». Det er for eksempel få vanskelegstilte som er representerte i slike data.

Lenke til meir informasjon

Sjå heile notatet «Housing Affordability» frå NIBR.

 

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon