- Forfattar:
- H. C. Sandlie og M. L. Seeberg
- Publisert av:
- NOVA
- Utgivingsår:
- 2013
- Oppdragsutførar:
- NOVA
Kort om publikasjonen
Temaet er arbeidsinnvandrarar si etablering i den norske bustadmarknaden. Notatet drøfter i kva grad den norske bustadmarknaden er strukturelt innretta med omsyn til auka innflytting av utanlandsk arbeidskraft, kva faktorar som ligg til grunn for arbeidsinnvandrarane sine ulike etableringsstrategiar i bustadmarknaden, og kva for konsekvensar denne etableringa har for dei lokale bustadmarknadene arbeidsinnvandrarane buset seg i.
Studien er basert på intervju med «sekundærinformantar», det vil seie informantar som ein antar har direkte kontakt med og/eller kjennskap til arbeidsinnvandrarar og deira utfordringar i det norske samfunnet, i tillegg til kunnskap frå tidlegare relevant forsking og eksisterande statistikk frå Statistisk sentralbyrå.
Oversikt over hovudfunn
- Strukturelle trekk ved den norske bustadmarknaden, som føresegner om minsteavtaletid, lite gjennomsiktig bustadformidling, høge prisar og krav til eigenkapital, diskriminering og framvekst av uformelle og ulovlege bustadløysingar, kan gjere det vanskeleg for arbeidsinnvandrarar å etablere seg med gode buforhold.
- Arbeidsinnvandrarar som flyttar til Noreg, er ei samansett gruppe, som ut frå sine føresetnader vel ulike strategiar for å løyse bustadutfordringane sine. Strategiane varierer langs dimensjonar som butid, familiesituasjon, bistand frå arbeidsgivar, økonomiske ressursar, kulturelle ressursar og sosiale ressursar.
- Auka tilflytting av utanlandsk arbeidskraft inneber som oftast auka press i dei lokale bustadmarknadene. Dette kan føre til at situasjonen til vanskelegstilte på bustadmarknaden blir forverra.
- Det må byggast fleire bustader, og det må byggast bustader som er tilpassa arbeidsinnvandrarane sine behov.
- Arbeidsinnvandrarane må få betre informasjon om den norske bustadmarknaden, og kontrolltiltaka overfor uformelle og ulovlege bustadløysingar må bli betre.
Lenke til meir informasjon
Les heile notatet om arbeidsinnvandrarane si etablering på bustadmarknaden