- Forfattar:
- R. Barlindhaug og K. Astrup
- Utgivingsår:
- 2009
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Notatet beskriv og drøftar eit forsøksprosjekt i Fræna kommune der nokre husstandar inngår ein leigekontrakt med kommunen og samtidig ein avtale der dei får rett til å kjøpe bustaden etter 5 år.
Engelske og irske ordningar for delt eigarskap blir beskrivne og drøfta innanfor ein norsk kontekst.
Notatet er basert på erfaringar og tal frå Fræna, i tillegg til ein teoretisk gjennomgang av ordningane.
Oversikt over hovudfunn
- Notatet konkluderer med å ikkje anbefale delt eigarskapsordningar i Noreg.
- Sjølv om økonomien i ordningane for husstanden ikkje er så forskjellig i «leige til eige»-ordninga, meiner kommunen at det likevel vil vere nokre fordelar med ei slik ordning.
- Det blir argumentert for at ordninga skaper eit forpliktande samarbeid med kommunen og brukaren. Vidare blir eigaralternativet halde opp som ei framtidig ønskeleg og stabil bustadløysing, noko som kan motivere husstanden til å betre meistre sin livssituasjon.