- Forfattar:
- S. Søholt
- Publisert av:
- NIBR
- Utgivingsår:
- 2010
- Oppdragsgivar:
- Norges forskningsråd
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Notatet er ein del av en serie av kunnskapsoversikter og temanotat om bestemte emne innanfor IMER-feltet. Notata skal summere opp og formidle tilgjengeleg forsking og kunnskap om sentrale samfunnsspørsmål på ein enkel og oversikteleg måte, til nytte for både forskarar, politikkutviklarar, andre brukarar og allmenta.
Notatet baserer seg på føreliggande kunnskap og diskuterer kva vi veit om innvandrarbefolkninga sin situasjon på bustadmarknaden. Det ser på bustadpolitikk og bustadmarknad i eit migrasjonsperspektiv, og belyser innvandrarbefolkninga sin situasjon på bustadmarknaden med utgangspunkt i tre innfallsvinklar: integrering, marginalisering og segregering – kva slags dynamikkar og mekanismar i bustadmarknaden som påverkar integrering, marginalisering og segregering blant innvandrarbefolkninga. Notatet ser også på etterkommarar. Avslutningsvis blir det trekt fram område der det trengst meir forsking.
Oversikt over hovudfunn
- Bustadsituasjonen for innvandrarbefolkninga blir betra over tid og blir likare majoriteten.
- Men det er også store forskjellar: Nokon blir verande i leigemarknaden.
- Den etniske bustadsegregeringa er på vandring: I Oslo skjer det ei flytting frå leigebustader i indre aust til eigarbustader i drabantbyane.
- Etterkommarane sine bustadmønster forsterkar segregeringa.
- Den etniske bustadsegregeringa i Noreg skil seg frå ein del andre land – samanhengen mellom etnisk bustadsegregering og sosioøkonomisk segregering blir redusert ved flytting til drabantbyane.
- Lite merksemd har vore retta mot eventuelle positive effektar av etnisk bustadkonsentrasjon.
- Det er behov for meir forsking om prosessar og mekanismar som bidrar til marginalisering.