Bostøtte, marginalpriser og flytting

Forfattar:
V. Nordvik
Publisert av:
NOVA-notat 14/2012
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Eit av måla med bustøtta er at ho skal stimulere husstandar med låge økonomiske ressursar til å velje gode bustader. Analytisk er det ei utfordring å dokumentere eller avkrefte at bustøtta faktisk påverkar bustadvala til husstandane i målgruppa og kvaliteten på buforholda deira. I notatet utnyttar ein det forholdet at bustøttesystemet stiller husstandar overfor ulike marginale prisar på endringar i bustadkonsumet til å undersøke om bustøtta påverkar bustadmarknadsåtferda til husstandar i målgruppa.

Notatet har følgande hypotesar:

Ein forventar høgare flytteaktivitet blant husstandar med buutgifter under taket enn blant andre. Vidare forventar ein at husstandar med buutgifter under taket er meir tilbøyelege til å velje bustader med høgare buutgifter (og forhåpentlegvis også betre kvalitet) enn det andre husstandar har. Ein forventar fleire flyttingar som som gir lågare buutgifter blant husstandar med buutgifter over taket.

Notatet er basert på dataa om dei som flytta mellom desember 2009 og mai 2010 frå bustøtteregisteret til Husbanken.

Oversikt over hovudfunn

Det er klare indikasjonar på at bustøtta faktisk stimulerer delar av mottakarane til å velje betre bustadkvalitetar enn det dei elles ville ha hatt.

Taka for godkjente buutgifter speler ei viktig rolle for å oppnå dei ønskte åtferdsendringane som bustøtta er meint å ha.

Lenke til meir informasjon

Bostøtte: Mobilitet, kontinuitet og endring

Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her