Boligtilskudd til etablering

Søkernes boligkarriere 2006-2008

Forfattar:
R. Barlindhaug
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Kommunal og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Bustadtilskot skal nyttast for at dei med særlege behov skal kunne bo i ein nøktern og eigna bustad, og tilskotet kan utgjere ein viktig del av toppfinansieringa i eit bustadprosjekt. Tilskotet kan nyttast til etablering i brukte og nye bustader, og til refinansiering, men også til tilpassing av bustaden slik at han blir eigna for blant andre funksjonshemma og eldre. Rapporten ser på bustadkarrieren til søkarar av slike bustadtilskot.

Det blei tatt utgangspunkt i husstandar som fekk behandla ein søknad om bustadtilskot til etablering i 2006. Med tilgang til opplysningar om søkarane, henta frå ulike register, blir utviklinga i bustadkarrieren for perioden 2006–2008 beskriven både for mottakarar og for dei som fekk avslag. Det er sett på utvikling i eigardel, bruken av bustøtte og sosialhjelp og i tillegg omfanget av flyttingar etter vedtak. Spesielt er det fokusert på omfanget av seinare eigaretablering blant dei som fekk avslag.

Inntektsutvikling og samansetnaden av inntekta på yrkesinntekt og anna inntekt blei studert for perioden 2006–2008.

Rapporten er basert på å kople SSB sine registerdata for perioden 2005–2008 til Husbanken sine data over søkarar av bustadtilskot til etablering frå 2006.

Oversikt over hovudfunn

  • Av alle søkarane til bustadtilskot var det 22 prosent som ikkje hadde søkt om startlån. 88 prosent av desse søkarane fekk tilsegn om bustadtilskot.
  • Veksten i inntekt gjennom perioden 2006–2008 var størst for dei som berre fekk bustadtilskot, og minst for dei som berre fekk startlån.
  • For den største gruppa, dei som både fekk startlån og bustadtilskot, var eigardelen i 2007 og 2008 på 89 prosent.
  • Dei som fekk avslag på tilskot, og berre blei gitt startlån, er ei svært lita gruppe. Desse etablerte seg sjeldan som eigarar i 2006.
  • Det er dei søkarane som fekk avslag pga. manglande lånebeteningsevne som i minst grad har blitt eigarar i perioden etter vedtaksåret. I 2008 har likevel ein tredjedel av desse blitt eigarar av ein bustad.
  • Dei som blei tildelt eit bustadtilskot, har i langt mindre grad enn andre flytta frå bustaden i perioden 2007–2009.
  • Søkarar som fekk avslag pga. manglande beteningsevne, har flytta oftast i perioden etter vedtaket. I denne gruppa har 72 prosent skifta bustad.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten "Boligtilskudd til etablering"

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon