Boligpolitiske velferdsgevinster

Forfattar:
A. S. Grødem, I. L. S. Hansen og M. L. Sandbæk
Publisert av:
Fafo-notat 2013:20
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Husbanken
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Notatet er rapporteringa frå eit forprosjekt som skal legge grunnlaget for eit seinare mogleg hovudprosjekt som skal finne ut om ein kommunal bustadpolitikk basert på ei større samordning av bustad- og integreringsomsyn vil gi velferdsgevinstar. Det overordna målet med dette forprosjektet er å utforme eit forskingsdesign for korleis ein best kan identifisere moglege velferdsgevinstar av ein bustadsosial politikk i kommunane, der det blir gjort ei større samordning av bustad- og integreringsomsyn.

Den faktoren som ligg bak dette, er auka statleg samarbeid mellom IMDi og Husbanken om innsatsen overfor kommunane. Forfattarane argumenterer for ei brei tilnærming for å belyse korleis innsatsen for å få til eit betre statleg samarbeid for å støtte kommunane i busettingsarbeidet kan gi velferds-gevinstar på ulike område og ulike nivå.

Oversikt over hovudfunn

  • På individnivå: Den viktigaste velferdsgevinsten av godt busettingsarbeid på individnivå vi vere at den enkelte får raskare busetting og dermed tidlegare etablering i ein eigen heim og kan starte sitt nye liv i Noreg.
  • På kommunalt nivå: At kommunane får betre måloppnåing i det bustadsosiale arbeidet overfor flyktningar, kan gi både økonomiske og sosiale velferdsgevinstar på kommunalt nivå. Direkte økonomiske gevinstar kan vere innsparingar ved ei meir effektiv drift.
  • På statleg nivå: Dersom ein lykkast med å etablere ein god bustadpolitikk overfor flyktningar i kommunane, vil det mest sannsynleg føre til at fleire kommunar seier seg villige til å ta imot flyktningar, slik at ein får tilgang til fleire bustader. Dette vil føre til raskare busetting av flyktningar og mindre behov for å etablere fleire asylmottak.

Lenke til meir informasjon

Les notatet Boligpolitiske velferdsgevinster