Boligbygging med sosial profil

Muligheter og begrensninger i den kommunale utbyggingspolitikken

Forfattar:
R. Barlindhaug, A. Holm, F. Holth og B. Nordahl
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR og UMB

Kort om publikasjonen

Prosjektet diskuterer vilkår for å skaffe rimelege bustader gjennom den ordinære utbyggingspolitikken ved å kombinere bidrag frå utbyggarar og bruk av individretta låne- og støtteordningar.

Rapporten presenterer og diskuterer modellar som skaffar ein viss del rimelege bustader i nybyggingsprosjekt gjennom å kombinere bidrag frå utbyggarar i samband med reguleringsprosessen med individuelle statlege låne- og støtteordningar.

Engelsk praksis på området blir gjennomgått som eit utgangspunkt for å implementere ein mogleg norsk variant. I England blir modellen brukt for å dempe segregasjonstendensar og lette bustadetableringa for låginntektsgrupper ved å stille rimelige bustader til disposisjon for målgruppene i område der kjøp eller leige på marknadsvilkår ikkje lar seg gjere.

Prosjektet nyttar eit institusjonelt perspektiv. Arbeidet er basert på bustadsosiale handlingsplanar, tilgjengelege dokument frå kommunane, eksterne konsulentar si vurdering av utfordringane i dei enkelte kommunane, telefonintervju med kommunale informantar, kontaktpersonar og saksbehandlarar, i tillegg til tre djupintervju.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunane sine moglegheiter til å skaffe bustader med «sosial profil» i samarbeid med private utbyggarar, er beskjeden.
  • Norske kommunar har ikkje rettslige moglegheiter til å pålegge private å bygge prisregulerte bustader gjennom reguleringsplanar eller utbyggingsavtalar.
  • Dei engelske modellane synest fjerne frå ei norsk verkelegheit, og i ein norsk kontekst synest ein politikk retta mot områdesatsing kombinert med individuelle ordningar, der ein opererer innanfor ein deregulert marknad, framleis å vere det berande prinsippet.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Boligbygging med sosial profil - Muligheter og begrensninger i den kommunale utbyggingspolitikken