Boforhold blant barnefamilier med lav inntekt

Forfattar:
L. M. Turner og K. Stefansen
Publisert av:
NOVA
Utgivingsår:
2012
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Del I av notatet presenterer og diskuterer eksisterande studiar som har relevans for temaet barn i låginntektsfamiliar og bustad. Notatet tar utgangspunkt i eit perspektiv der barn si livsutvikling og livssjansar både blir knytte til aspekt ved den konkrete bustaden og kvalitetar ved nærmiljøet.

Del II av notatet er ei empirisk undersøking om buforholda blant barn i familiar med låg inntekt. Fokuset blir særleg retta mot familiar med vedvarande låg inntekt og vedvarande dårlege buforhold. Analysane er baserte på data frå undersøkinga om barn sine levekår som NOVA gjennomførte i perioden 2000–2009. Spørsmåla ein utforskar er for det første kva som kjenneteiknar familiar som har vedvarande dårlege buforhold, og for det andre kva slags bustadproblem som er særleg betydelege blant desse familiane.

Oversikt over hovudfunn

  • I tråd med tidlegare forsking viser analysane fattigdommen sin etniske karakter i Noreg. Blant dei som er vedvarande fattige, er det relativt sett fleire med utanlandsfødde foreldre, uavhengig av om barnet er født i Noreg eller ikkje.
  • Det er ein sterkare samanheng mellom det å bu trongt og det å ha eige rom enn mellom fattigdom og det å ha eige rom.
  • Familiar som leiger bustaden over lengre tid, har auka sannsyn for å vere sosialhjelpsmottakarar, vedvarande fattige, ha låg bustadkvalitet, innvandrarbakgrunn og oppleve det å bu trongt.
  • Vedvarande fattigdom, det å bu trongt og bustadleige påverkar barna sine levekår.
  • I eit bustadpolitisk perspektiv er innlåsingseffektar på bustadmarknaden eit problem.
  • Dei vedvarande fattige familiane har lågare tilbøyelegheit til å flytte frå leigd bustad til ein eigd bustad, dvs. til å ta eit skritt oppover på bustadkarrierestigen.
  • For desse familiane er det som politisk sett er definert som ein mellombels bustad, meir eller mindre permanent. Analysane viser nettopp at mange flyttar mellom leigde bustader og – kanskje viktigare – at forskjellen er liten mellom kommunale leigebustader og private leigebustader.

Lenke til meir informasjon

Les notatet Boforhold blant familier med lav inntekt