Towards Spatial Assimilation?

Neighbourhood Attainment among non-Western Immigrant Descendants in the Oslo Region

Forfattar:
Pål Oskar Hundebo
Publisert av:
Universitetet i Oslo
Utgivingsår:
2016

Kort om publikasjonen

Hundebo har studert busettingsmønster for norskfødde med innvandrarbakgrunn som har nådd vaksen alder, samanlikna med etniske norske på same alder. Han har tatt for seg barn av ikkje-vestlege innvandrarar som er fødde mellom 1974 og 1980, og sett på om dei budde i nabolag med høg del av innvandrarar då dei var 16, og kor dei budde då dei hadde blitt 30 år gamle. I masteroppgåva har Hundebo sett spesifikt på vaksne barn av innvandrarar frå Tyrkia, Marokko, Pakistan, India og Vietnam.

Oversikt over hovudfunn

  • Barn av ikkje-vestlege innvandrarar som er fødde i Noreg, som vaks opp i område med høg del av innvandrarar, vel å busette seg i same type nabolag når dei blir vaksne.
  • Jamaldrande unge med norsk familiebakgrunn, som også har vakse opp i nabolag med stor innvandrarbefolkning, buset seg derimot i nabolag med ein lågare del av innvandrarar.
  • Også innvandrarbarn som vaks opp i nabolag med låg del av innvandrarar, valde same type område då dei sjølve blei vaksne. 
  • Det er 30-åringane med familiebakgrunn frå Tyrkia, Pakistan og Marokko som oftast buset seg i nabolag med den høgaste delen av innvandrarar. 

Lenke til meir informasjon

Her kan du lese heile masteroppgaven til Hundebo.