- Forfattar:
- S. Søholt
- Publisert av:
- NIBR - Dr. polit avhandling
- Utgivingsår:
- 2007
Kort om publikasjonen
Temaet for avhandlinga er relasjonen mellom innbyggarar med etnisk minoritetsbakgrunn og bustadmarknaden. Avhandlinga handlar om korleis bustadmarknaden blir opplevd og handtert av minoritetar, sett i lys av politiske målsettingar om integrering av den etniske minoriteten på bustadmarknaden. Søholt identifiserer, analyserer og samanliknar kva slags strategiar som blir utvikla for å skaffe bustad, eller forbetre eigen bustadsituasjon, og kva strategiane fører til blant bustadsøkarar i Oslo med opphav frå Pakistan, Sri Lanka og Somalia.
Avhandlinga er basert på kvalitative intervju med personar med pakistansk, tamilsk og somalisk bakgrunn, og i tillegg analyse av statistikk og offentlege dokument.
Oversikt over hovudfunn
- Dei tre minoritetsgruppene utvikla ulike tilpassingsstrategiar.
- Minoritetane ser på det å ha ein tilfredsstillande bustadsituasjon som viktig for velferda deira i Noreg.
- Den aukande delen av bustadeigarar blir tolka som eit uttrykk for strukturell integrering.
- Det å bli bustadeigarar og å bli integrert i dei grunnleggande strukturane i bustadmarknaden har viktige implikasjonar:
- Blir integrert i vanlege verdiakkumuleringsprosessar
- Kan bestemme om og når dei vil flytte
- Oppleving av tryggleik
- Oppleving av å beherske prosessar i det norske samfunnet, som igjen gir sjølvtillit – og empowerment; mens det å vere lenge i leigemarknaden kan føre til disempowerment.