Kapittel 14 Områdeløft – bidrag til utjevning av boforhold og levekår?

Forfattar:
M. E. Ruud
Publisert av:
Kapittel i boken Boligmarked og boligpolitikk. B. I. Nordahl (red.). Trondheim: Akademika Forlag
Utgivingsår:
2012

Kort om publikasjonen

Kapittelet tar for seg områdeløft som verkemiddel for å betre bustadforhold og levekår i byområde. Kva er områdeløft, kvifor blir dette sett i gang, og oppnår ein ønskt effekt? Kva er problematisk med slike satsingar, og er det ikkje-intenderte verknader som følger av dei? Kapittelet presenterer tre program som har gått føre seg, og delvis går føre seg, i Oslo, med fokus på områda sin historikk og organisering og mål for programma.

Oversikt over hovudfunn

  • Intervensjonane i indre Oslo har i stor grad vist seg å være vellykka sett ut frå måla.
  • Intervensjonen har hatt, og har fortsatt i dag, positiv effekt på bumiljøa.
  • Det er likevel også problematiske sider ved slike program. For det første kan det føre til ytterlegare stigmatisering av enkelte grupper. For det andre vil vanskelegstilte grupper alltid falle utanfor.