Innvandrerbefolkningen og boligmarkedet

Forfattar:
S. Søholt
Publisert av:
Kapittel 13 i boken Boligmarked og boligpolitikk. B. I. Nordahl (red.). Trondheim: Akademika Forlag
Utgivingsår:
2012

Kort om publikasjonen

Kapittelet handlar om møtet mellom innvandrarbefolkninga og bustadmarknaden. Først blir det vist at innvandrarane sin posisjon på bustadmarknaden heng saman med korleis bustadmarknaden var då dei kom til Noreg. Dernest følger vurderingar av kor godt innvandrarbefolkninga bur, kva som kjenneteiknar busettingsmønsteret, og korleis det blir opplevd å bu i innvandrartette område. Til slutt er det greidd ut om buforhold og busettingsmønster ut frå vilkår i bustadmarknaden, etnisk tilhøyrsle og individuelle val.

Oversikt over hovudfunn

  • Innvandrarbefolkninga sitt møte med bustadmarknaden fører i hovudsak til meir tilfredsstillande buforhold over tid.
  • Det er til dels store forskjellar mellom minoritetsgruppene.
  • Det er ingen teikn på at bustadmarknaden fungerer tilfredsstillande for dei som ikkje lykkast med å kjøpe eigen bustad, eller som føretrekker leigebustad.
  • Betra sosioøkonomiske ressursar ser ikkje ut til å redusere den geografiske segregeringa i Oslo.
  • Undersøkingar av korleis det er å bu i multietniske bustadområde, viser forskjellige tendensar.