Boligpolitikken og velferdsstaten

Forfattar:
Brodtkorb og Rugkåsa
Publisert av:
Gyldendal Akademiske
Utgivingsår:
2007

Kort om publikasjonen

Kapittelet handlar om norsk bustadpolitikk og bustaden som velferdsgode. Det diskuterer kvifor og korleis bustaden er ein del av velferdspolitikken og kva bustaden betyr for individet og for samfunnet. Det tar for seg korleis bustadpolitikken relaterer seg til nokre av dei sentrale kjenneteikna i den nordiske velferdsmodellen og kva for endringar som har skjedd.

Til slutt diskuterer kapittelet utvidingane i den norske bustadpolitikkens sitt arbeids- og ansvarsområde og om dette inneber ei ny rolle for bustadpolitikken i velferdsstaten.

Oversikt over hovudfunn

  • Norsk bustadpolitikk har dei siste åra gjennomgått betydelege endringar. Mens bustadpolitikken gjennom heile 1900-talet fokuserte på bustaden, er politikken sitt ansvarsområde i dag utvida til også å omfatte å bu.
  • Bustadpolitikken sitt fokus har dreia mot bustadløyse og dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden.
  • Bustaden er i ferd med å få ei ny rolle i heilskapen av velferdstenestene.
  • Bustaden er knutepunktet i våre individuelle liv. Bustaden er i ferd med å bli ein samlande faktor for tenestene rundt.
  • Dette er ei ny rolle for bustaden i den norske velferdsstaten og derfor også ei ny rolle for bustadpolitikken.
Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her