- Forfattar:
- R. S. Nielsen, E. Holmqvist, H. Dhalmann og S. Søholt
- Publisert av:
- Artikkel i Housing Studies, 30(3), s. 433-452
- Utgivingsår:
- 2014
Kort om publikasjonen
Artikkelen undersøker somaliarar sine preferansar og si forståing av eigne moglegheiter på bustadmarknaden i fire nordiske hovudstader (København, Helsinki, Oslo og Stockholm). Studien er ein komparativ casestudie, basert på til saman 56 kvalitative intervju med somaliske innvandrarar som bur i dei fire hovudstadene, der dei gir sine forklaringar av kva dei søker etter og korleis dei vurderer betydinga av lokale forhold og kulturell bakgrunn for sine moglegheiter på bustadmarknaden.
Oversikt over hovudfunn
- Preferansar og oppfatningar om moglegheiter på bustadmarknaden oppstår i møtet mellom individuell kapasitet, kulturell bakgrunn og lokal kontekst.
- Lokal kontekst og kulturell bakgrunn er viktige faktorar for å forstå forskjellar mellom somaliarar på ulike bustadmarknader.
- Lokal kontekst og kulturell bakgrunn må studerast saman for å forstå korleis moglegheiter på bustadmarknaden blir oppfatta av innvandrarar.
- Kontekstspesifikke mønster kan ikkje automatisk generaliserast til ein annan kontekst.
- Møtet mellom individuell kapasitet, kulturell bakgrunn og lokal kontekst er i stadig endring og vil påverke individuelle preferansar og moglegheiter på stadig nye måtar.
Lenke til meir informasjon
Les artikkelen om somalieres muligheter på boligmarkedet i Skandinavia