Selective housing policy in local housing markets and the supply of housing

Forfattar:
Viggo Nordvik
Publisert av:
Artikkel i Journal of Housing Economics, 15 (2006) 279–292
Utgivingsår:
2006

Kort om publikasjonen

Målretta tiltak og subsidiar har ein innverknad på både den finansielle posisjonen og buforhold til husstanden, som dei er tildelte. Men dei påverkar også likevekta på bustadmarknaden. Denne studien analyserer bustadmassen i norske kommunar som er omfatta av målretta tiltak. Det blir sett både på tilbods- og etterspørselssida av marknaden.

Artikkelen bygger på data frå fleire kjelder. Informasjon om storleik og samansetnad av bustadmassen og befolkninga i 2001 er henta frå folketeljinga same år. Inntektsnivå, talet på personar som jobbar utanfor kommunen, befolkningsendring og tettleik er tatt frå SSB.

Oversikt over hovudfunn

  • Tilskota til bestanden av offentlege bustader aukar den totale bustadmassen.
  • På etterspørselssida finn artikkelen også at subsidiar aukar storleiken på bustadmassen.
  • Dei estimerte effektane på både tilbods- og etterspørselssida er svært høge, spesielt er effekten av lån til førstegongs huseigarar betydeleg.
  • Effekten på både tilbods- og etterspørselssideprogram er fallande når programmet aukar i skala.

Lenke til meir informasjon

Les artikkelen Selective housing policy