Levekår og kriminalitet

Forfattar:
Egil Jensen
Publisert av:
Kriminalomsorgens utdanningssenter, KRUS
Utgivingsår:
2013
Oppdragsutførar:
KRUS

Kort om publikasjonen

Artikkelen belyser samanhengen mellom levekår og kriminalitet, og viser til ulike avviksteoriar og levekårsforsking om innsette primært i Noreg.

Oversikt over hovudfunn

  • Kriminalitet opptrer ofte saman med levekårsindikatorar som låg inntekt og formue, låg utdanning, dårlege buforhold, dårleg psykisk helse og rusavhengnad.
  • I mange tilfelle er vi ikkje i stand til å skilje mellom samanheng og årsaksforhold, men dårlege levekår kan føre til kriminalitet, og kriminalitet kan føre til dårlege levekår.
  • Skule, arbeid og anna tilbakeføringsarbeid rettar seg direkte mot levekår. Det er derfor viktig at sysselsettinga dei innsette blir sette til i fengsla, er kompetansegivande og har overføringsverdi til livet utanfor murane.

Lenke til meir informasjon

Les heile artikkelen om levekår og kriminalitet

Lengre samandrag av publikasjonen

I denne artikkelen diskuterer ein forholdet mellom levekår og kriminalitet i Noreg. Det overordna temaet for drøftinga er kva samanhengar det er mellom levekår og kriminalitet, og også kva forklaringskraft dårlige levekår eventuelt kan ha på kriminalitet.

Artikkelen presenterer hovudtrekk ved nokre avviksteoriar, som viser ulike måtar ein kan forstå avvik og kriminalitet på. Vidare blir det vist til kriminalstatistikk, i tillegg til levekårsforsking om innsette, for å belyse problemstillinga. Sjølv om det primært er norsk forsking som vil bli

gjennomgått, vil også studiar som er gjort i andre nordiske land, tidvis bli nytta. Sidan desse landa har store kulturelle og politiske likskapar med oss, vil dei kunne underbygge eller moglegvis svekke den forskinga som er gjort i Noreg. Det har vore nødvendig å vere selektiv i bruk av andre internasjonale studiar, nettopp med bakgrunn i moglege kulturelle og politiske ulikskapar.