Hvordan påvirker økonomiske nedgangstider innvandreres situasjon på boligmarkedet?

Forfattar:
S. Søholt
Publisert av:
Artikkel i IMDI-rapport 7-2009 Integreringskart 2009. Integrering i økonomiske nedgangstider, s. 148-157
Utgivingsår:
2009

Kort om publikasjonen

Temaet i rapporten er om og eventuelt på kva måtar etniske minoritetar blir diskriminerte på leigemarknaden. Erfaringar frå forskjellige kategoriar av utleigarar og frå leigetakarsida er analyserte. Spørsmålet som rapporten søker å svare på er: Er det slik at ein del av forskjellane i resultat på leigemarknaden botnar seg i diskriminering av leigesøkarar med innvandrarbakgrunn i jakta på leigebustad?

Undersøkinga sett fokus på sjølvopplevd diskriminering og er basert på ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative data: analyse av Levekårsundersøkinga blant innvandrarar (2005–2006), kvalitative intervju med utleigarar, leigetakarar i tillegg til spørjeskjema til blant anna eit utval av kommunar og bustadbyggelag.

Oversikt over hovudfunn

  • Måten finanskrisa er handtert på, kan bidra til at det blir større forskjellar blant innvandrarar.
  • Dei som er etablert i eigarbustad, vil få ei gunstig økonomisk utvikling pga. dei låge rentene.
  • Dei som skal etablere seg i eigarmarknaden, har jobb og klarer å skaffe eigenkapital, vil ha eit gunstig utgangspunkt.
  • For dei som opererer i leigemarknaden er framtidsutsiktene annleis. Det er usikkert om tilbodet av bustader i leigemarknaden vil auke eller bli redusert. Det er også forskjellige spådommar om utviklinga av leigenivået.
  • Dei viktigaste politiske utspela for å trygge bustadsituasjonen vil vere å lette tilgangen til tilfredsstillande bustader og å redusere risikoen i økonomiske nedgangstider.
  • Aktiv og målretta bruk av Husbankens startlån til toppfinansiering, refinansiering og fullfinansiering, ev. med tillegg av bustadtilskot, verkar.
  • For å bidra til meir stabile og ikkje-diskriminerande forhold i leigemarknaden bør det støttast opp om bygging av leigebustader med nøytrale inngangsvilkår, nøytrale vilkår for å bu og føreseielege husleiger.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Hvordan påvirker økonomiske nedgangstider innvandreres situasjon på boligmarkedet?»

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon