- Forfattar:
- Viggo Nordvik
- Publisert av:
- Artikkel i Journal of Housing and the Built Environment, November 2015, Volume 30, Issue 4, pp 667-681
- Utgivingsår:
- 2015
Kort om publikasjonen
Den norske bustøtta er meint å gjøre det mogleg for økonomisk svake husstandar å oppnå ein god bustadkvalitet. Denne artikkelen undersøker korleis bustøtta påverkar førekomsten av overfylte husstandar og mobilitet.
Meir konkret undersøkte artikkelen bustadmarknaden si åtferd i ei behandlingsgruppe som var i ein situasjon der variasjonar i bustadsituasjonen direkte hadde innverknad på mengda av bustøtte dei fekk. Denne gruppa blei samanlikna med åtferda til ei kontrollgruppe som ikkje var i denne situasjonen.
Artikkelen bygger på data frå Husbanken sitt bustøtteregister frå august 2009 til og med mai 2010.
Oversikt over hovudfunn
- Sjansen for å flytte ut av eit overfylt buforhold var 14% høgare blant bustøttemottakarar, viss bustøtta var påverka av marginale variasjonar i prestøtte-buutgifter, enn i kontrollgruppa.
- Både mobilitet og tendens til å flytte inn i overfylte bustader er påverka signifikant av utforminga av bustøtta.